Dawn of the Planet of the Apes

Eg likar science fiction-filmar som spelar på ein ide om ei potensiell framtid, med dramaet og det andre det måtte innebære. Denne filmen byr derimot ikkje på så mykje meir enn underhaldande fantasi, basert på omfattande spesialeffektar.

Det er for lite karakterutvikling. Nokon er vonde, andre er gode. Nokon apar er stygge og skumle, andre apar er søte og fine. Mykje av det som skjer er føreseieleg. Lite av dialogen er nemneverdig. Kinematografien og skodespelet er godkjent.

Eg er interessert i Planet of the Apes-filmane, og hadde sett denne uansett. Men det hindrar meg ikkje i å ha ei meining om han heller. Filmen baud ikkje på noko nytt. For dei som ikkje er investert i filmfranchisen så kan eg ikkje anbefale han.

Dawn of the Planet of the Apes 2014 plakat - Filmdagbok

Publisert

7. august 2014 av

Merkelapp

Planet of the Apes

Regissør

Matt Reeves (I)

Manusforfattarar

Mark Bomback, Rick Jaffa, Amanda Silver, Pierre Boulle

Skodespelarar

Andy Serkis, Jason Clarke, Gary Oldman, Keri Russell, Toby Kebbell, Kodi Smit-McPhee, Kirk Acevedo, Nick Thurston, Terry Notary, Karin KonovalVis alle 96 skodespelarar

Sjangrar

Action, Eventyr, Drama, Science fiction

Land

USA, Storbritannia, Canada

IMDb

IMDb-side om Dawn of the Planet of the Apes