Dawson's Creek

Serie / 1998–2003
4/5

Eg hadde alt klart om kva eg skulle skrive her, men det var før eg så dei nest siste to episodane og den doble sesongfinalen. Uansett er det tåpeleg å starte ved slutten, så la meg vurdere serien frå starten av.

Sett bort frå at ungdommen her er i overkant velartikulerte, og oppfører seg for vaksen for alderen, så er serien ein samleboks av intelligente meiningar, miksa med dumme avgjersler, alt frå dei same folka. Ikkje akkurat det mest trulege scenarioet frå mitt synspunkt. Men det er likevel denne måten å behandle dramaet på som tar merksemda mi, og gjorde meg interessert i å holde fram serien etter å ha sett pilotepisoden.

Etter kvart som serien går sin gang, og trass i at altfor mange av hendingane etter kvart får meg til å riste irriterande på hovudet, for å få vekk dei hjernecellene som har plukka opp det som skjedde, så fengslar utviklinga i rollefigurane meg så eg blei hekta. Ironisk nok. Sånn er det med denne type tenåringsdrama. Eg blir hekta.

Dawson's Creek er ei suppe av teite ungdommar som av og til balanserer på grensa til å irritere livet av meg eller servere meg skikkeleg flaue situasjonar, som er meir vaksne og ansvarsfulle enn foreldra sine, dummare og gjer større feil enn ein unge i barnehagen, som kan innsjå det vanskelegaste, men også fortrenge det enkle.

Spørsmålet blir då kvifor eg likar serien. For det gjer eg. Skal eg prøve å sei det enkelt blir det noko som at Dawson's Creek tek opp store spørsmål på ein god og tydeleg måte som ikkje prøver å skjule noko og som, viss du aksepterer denne ofte unaturlege enkelheita, er veldig effektiv.

Eg kan sei mykje om den religiøse delen av serien, om moralen til serien og dårleg skodespel. Spesielt Katie Holmes er det innimellom vondt å sjå på. Men det blir med dette, du anar nok at det alt går mot det negative. Når eg har komme så langt som til fjerde sesong er ikkje lengre dårleg skodespel det eg bryr meg mest med, folka har danna eit grunnlag for lengst, og er som dei alltid har vore i serien, middels.

Utover serien og etter kvart som karakterane blir eldre, så utviklar ting seg. Noko eg set høgt er når det i femte sesong blir fokus på utviklinga til filmkarriera til Dawson Leery. Det er inspirerande å følge med på filminga av studentfilmen, miljøet på filmskulen og heile den pakka.

Mi heilskaplege meining om serien er at han kunne ha vore kutta ned til kanskje halvparten av sesongane. På ei anna side har serien gitt meir enn nok tid til å bli kjent med karakterane på ein slik måte at serien har skapt inntrykk hjå meg i 2006. Å sjå dei avsluttande episodane frå den vanlege tidsepoken og den doble sesongfinalen som går føre seg i fem år etter er vemodig, men på ei anna side greit å få overstått.

Tolk meg ikkje feil, hadde eg mislikt serien så hadde eg forkasta han tidleg, og aldri sett han ferdig. Men å bli ferdig med ein serie som over lengre tid har vore ein serie å komme tilbake til når ingenting anna har venta, det merkast.

Er du som meg glad i tenåringssåpe, så er dette serien for deg!

Dawson's Creek 1998-2003 plakat - Filmdagbok

Publisert

7. desember 2006 av

Merkelapp

The WB

Skapar

Kevin Williamson

Skodespelarar

James Van Der Beek, Katie Holmes (I), Michelle Williams (I), Joshua Jackson (I), Mary Beth Peil, Kerr Smith, Mary-Margaret Humes, Nina Repeta, John Wesley Shipp, Meredith Monroe

Sjanger

Drama

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Dawson's Creek