Day of the Dead (1985)

Film / 15. juli 2006
3/5

Det nærmar seg en veke siden eg så Dawn of the Dead. Når eg endeleg fikk sete meg ned med ein film blei det en eg lenge har hatt lyst å sjå, men oftast har skyvd bakover i bunken til fordel for nyare filmar.

Day of the Dead holder fram etter der Dawn of the Dead slutta, og me møter en handfull menneske som er igjen i en militærbase, omringa av blodtørste levande lik. Med selskap i et fåtall forskarar skal dei prøve å finne ut korleis dei kan stoppe dei levande lika før dei drep kvarandre.

Filmen er grotesk på en fin måte, om det går an å sei det. Det meste når det gjeld avsliting av kroppsdeler, jafsing og gnafsing og blod, er så overdrevent at det ikkje er til å unngå å trekke på smilebandet. Og når en først trur en har sett det verste, så overrasker filmen igjen og igjen.

Dessverre kjennest filmen som om den ikkje har fått all verds pengestøtte, noko som resulterar i veldig mykje dialog, og litt for lite handling. Den kjem heldigvis ikkje i nærheiten av måten dei siste Planet of the Apes-filmane var lagt opp, og er på den måten helt akseptabel. Det har seg berre slik at det tar for lang tid før det blir fart i ting.

Filmmusikken i Day of the Dead er noko av det med mest trøkk i eg har opplevd på ei stund, og den har ein ting med å dukke opp overalt. Per i dag ville en ikkje ha funne på å spe i så mykje erketypisk stemningsmusikk om det ikkje var meint som overdriving, og det blir slik i filmen at en ikkje kan unngå å le av alle trommevirvlane kombinert med spenning i bilde, og liknande.

Musikken er ikkje det einaste å le av, skodespelarane er nok ikkje plukka ut av eliten, og kan til tider oppføre seg som en gjeng med amatørskodespelarar.

Men trass desse tilsynelatande negative faktorane misliker eg ikkje filmen, men storkoste meg nesten heile vegen, med unntak av et kvarter midt inni, der ting gjekk litt seint. Alt gørret, musikken og ikkje minst skodespelarprestasjonane i kombinasjon viste seg å vere ganske kraftfullt.

Day of the Dead 1985 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Dead

Regi

George A. Romero

Manus

George A. Romero

Skodespelarar

Lori Cardille, Terry Alexander, Joseph Pilato, Jarlath Conroy, Anthony Dileo Jr., Richard Liberty, Sherman Howard, Gary Howard Klar, Ralph Marrero, John Amplas

Sjangrar

Drama, Grøssar, Science fiction, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Day of the Dead

Forfattar