D.C. Cab

D.C. Cab er ein film som skiltar med mange kjente namn og lite anna. Det handlar om eit taxiselskap kor både sjåførar, bilar og drift er av laber kvalitet. Inn kjem ein ung ny mann viss draum er å bli ein god taxisjåfør. Hans positive haldning blir viktig i det taxiselskapet må skjerpe seg for å ikkje gå dukken når eit anna selskap presser på.

Eg må først og fremst innrømme at dette blei sopass kjedeleg at eg mista konsentrasjonen meir og meir i andre halvdel av filmen. Min dom er altså ikkje basert på ein fullstendig dedikasjon til det som skjedde mot slutten. Men eg fekk med meg nok til å seie at det var ei urealistisk vending frå eit urealistisk utgangspunkt.

For at ein film som D.C. Cab skal fungere må han ha gode karakterar, og i mindre grad la historia styre løpet. Her er karakterane tynne, og berre delvis interessante på bakgrunn av skodespelarane som spelar de. Og historia er kjedeleg, men kunne ha fungert om ho var meir eit bakteppe.

Filmen burde også unngå forsøk på å vere kul nokon stader. Andre stader er det ein del av sjarmen. Eg likar korleis me trår inn i ei verd som er oppslukt av taxiar. For meg er dette ein typisk 1980-talsfilm av den grunn. Slik Quicksilver gjorde det med syklar.

Eit anna vonbrot var kor lita rolle Mr. T hadde. Han er ein skodespelar som er morosam nok som seg sjølv.

Altså er det få eller ingen grunnar til å sjå D.C. Cab. Sjølv fant eg den på ei strøymeteneste, og gir i blant filmar eg aldri har høyrt om ein sjanse uavhengig av korleis han er rangert, for i blant dukkar det opp ei morosam sak eller eit gullkorn.

D.C. Cab 1983 plakat - Filmdagbok