Dead Poets Society (1989)

Film / 15. oktober 2009
3/5

Dette er ein film som lovar mykje, men som ikkje innfrir. Byrjinga er langsam, men ikkje av det kjedelege slaget. Både rollebesetning, miljøet for handlinga og den generelle stemninga gav meg i lag med den på førehand leste oppsummeringa av handlinga håp om en inspirerande forteljing om urettferdig behandling og håp.

Dead Poets Society klarer ikkje å nå dit hen at eg blir inspirert av motet eller rørt av ulykkelege skjebnar. Robert Sean Leonard viser potensiale, elles er det en bleik gjeng vi vitnar. Peter Weir behandlar nok materiale for lett og en middels filmoppleving speiler dette. Grei, men mangelfull.

Dead Poets Society 1989 plakat - Filmdagbok

Regi

Peter Weir

Manus

Tom Schulman

Skodespelarar

Robin Williams, Robert Sean Leonard, Ethan Hawke, Josh Charles, Gale Hansen, Dylan Kussman, Allelon Ruggiero, James Waterston, Norman Lloyd, Kurtwood Smith

Sjanger

Drama

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Dead Poets Society

Forfattar