Deadpool

Film · 2016 · · 15. januar 2021
2/5

Deadpool var ein film eg i utgangspunktet ikkje hadde planar om å sjå. Men eit gjensyn med X-Men-filmane i kronologisk rekkefølg, pluss det å sjå dei X-Men-filmane eg ikkje har sett før, så kom Deadpool på lista. I det eg var ferdig med å sjå filmen, gav eg han ei rangering på 3/5. Dette har sidan blitt degradert til 2/5 etter meir vurdering, på den øvre delen av talet.

Deadpool er ein film med potensiale. Det byrjar med ei god nok historieforteljing, karakterbygging og litt romantikk. Heilt i frå starten av er barnsleg humor ein del av miksen, men det går greitt. Med det barnslege meiner eg språkbruk og denslags. Brutal og oppfinnsam måte å vise vald på ser eg ikkje på som barnsleg. Det er ein annan del av filmen som utpregar seg.

Når filmen etter kvart ikkje har ei god historie å fortelje lenger, og tar karakterane sine for gitt, så er det berre valden igjen. Vald og barnsleg humor. Forteljarstemma går på repetisjon i både vitsar og innhald, og det blir ikkje noko nytt å le eller la seg underhalde av når ingenting er nytt, og når den gode historia er vekke.

Eg vil nok utforske Deadpool 2 etter kvart, når vegen vidare blant X-Men-filmar tar meg dit, men eg har ikkje store håp om at han skal vere noko betre.

Les også ei melding på p3.no (norsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
Deadpool 2016 plakat - Filmdagbok