Deadwood (2004–2006)

Serie / 19. april 2012
4/5

Omsider så fikk eg sett den populære og avsluttet western-serien til HBO. Deadwood er forutan å vere namnet på serien, en lovlaus gullgravarleir på indianarland.

I mellom kampane om ressursane, som betyr verdiane i gull, kjemper fleire av innbyggarane i Deadwood med sine eigne indre demonar. Det er ikkje snakk om åndar og denslags, men minner og påvirkninger som en hard fortid har sett sine spor av.

Blant horer, mørk alkohol, møkkete gater og stridar som ikkje kan løysast utan vald finst det små håp i et nydeleg gjengitt 1800-talssamfunn. Nydeleg betyr realistisk, og realistisk betyr verkelegheitstru.

Eg kjem ikkje unna at Deadwood er en krevande serie. Plusset er at det blir vanvittig bra om en får med seg alt som skjer og raskt koplar det saman. Minuset er at en lett kan falle av lasset.

Eg holdt meg godt på hesten, men brukte desto lengre tid enn gjennomsnittleg samanlikna med andre seriar på å sjå ferdig. Eg kom ikkje så godt inn i serien som eg gjerne skulle, og føler ikkje for å skryte hemningslaust av den. I blant virker den å stå litt stille.

Ein del av dette skyldes mangelen på underteksting i starten, noko som gjorde serien krevande. Men etter ein pause mellom første og andre sesong, når eg henta serien fram igjen og fikk holde fram med underteksting til hjelp, så løfte serien seg i lys av min forståelse til å bli en knallbra serie.

Deadwood 2004-2006 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

HBO

Skapar

David Milch

Skodespelarar

Timothy Olyphant, Ian McShane (I), Molly Parker (I), Brad Dourif, W. Earl Brown, John Hawkes (I), Paula Malcomson, Dayton Callie, Leon Rippy, William Sanderson

Sjangrar

Drama, Historie, Krim, Western

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Deadwood

Forfattar