Dear John (2010)

Film / 28. juli 2015
3/5

Ein fyr er heime på permisjon fra militæret, og blir på kort tid forelska i ei jente som også blir forelska i han. Da han reiser tilbake byrjar dei å skrive brev. Innimellom dette er det mykje kjærleik, og nokon andre seriøse tema.

Dear John er Lasse Hallströms første filmatisering av en Nicholas Sparks-roman. Den andre er Safe Haven. Begge to er gode, sjølv om eg held ein knapp på sistnemnte. Dear John er en sterk skildring av kjensler som blir skilt ved avstand, og bruker også tid til å forsterke avstanden. Utgangspunktet for John (Channing Tatum) og Savannah (Amanda Seyfried) er alltid håplaust, og historia bygger på poenget om at desse elles er som skapt for kvarandre.

Det største minuset med Dear John er at filmen ikkje vinn fram i samanlikning med dei beste Nicholas Sparks-filmatiseringane. Bortsett frå dette er eigentleg filmen en habil sak, med fin romantikk, trist tragedie, rette stemningsbyggande musikk og mange poeng som spelar på kjenslene. Det skjer litt for lite en god stund, som også er med å trekke litt ned, men eg har sansen for måten filmens rundar av på. Det vil sei den siste halvtimen eller så.

Du ser denne filmen først og fremst om du likar melodrama, og ikkje har forventningar til at filmen er noe utover den du les han er. Men at han er, det han er, bra.

Dear John 2010 plakat - Filmdagbok

Regi

Lasse Hallström

Manus

Jamie Linden, Nicholas Sparks (I)

Skodespelarar

Channing Tatum, Amanda Seyfried (I), Richard Jenkins, Henry Thomas, D.J. Cotrona, Cullen Moss, Gavin McCulley, Jose Lucena Jr., Keith Robinson (III), Scott Porter (III)

Sjangrar

Drama, Krig, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Dear John

Forfattar