Dear White People

Dear White People er ein vanskeleg film å plassere. Det handlar om svarte studentar på eit amerikansk college, og deira tilnærming til å bli behandla likt som kvite. Det er ein film som tar opp gode poeng, men også mykje drit. Sak og det usakelege blir blanda saman. Mykje seriøst blir utvaska på bakgrunn av ungdom som her krev meir likskap enn likskap for loven, undertrykker ytringsfridom og som har det politisk korrekte som ideal.

Det går også an å sjå det på ein annan måte. Som at filmen er god på å formidle suppen av kjensler og det usaklege som har blanda seg inn i debatten. Men eg har mine tvil om at dette er eit sentralt poeng. Det har med ordbruken å gjere i deler av filmen. Skulle det likevel vere tilfelle, så er det iallfall eit delvis mislykka forsøk.

Som komedie og ungdomsfilm er dette smått stilig og godt gjennomført. Det overnemnte er mest ein irritasjon. Som forsøk på å ta opp forskjellsbehandling som tema, er det i retning godt. Eg skulle gjerne sett til at det var ein sakleg argumentasjon i botn. Slutten på filmen med hærverk og slåsting vitnar om haldningar bak dette som meiner at vald er legitimt når du ikkje får viljen din. Ergo vil eg konkludere med at dette er ein film du kan sjå om du evnar til å tenke sjølv, men bør styre unna om du lar deg overtale av subjektiviteten til andre.

Dear White People 2014 plakat - Filmdagbok