Death Note: Desu nôto

Serie
2006–2007
3/5

Etter ein intelligent og kynisk high school-elev byrjar å reinse verda for vondskap ved hjelp av ei magisk notisblokk som kan drepe alle viss namn blir nedskrive, må internasjonale styresmakter tilkalle ein mystisk detektiv kjent som L for å løyse problemet.

Death Note: Desu nôto har nokon interessante problemstillingar. Om du kan drepe vonde folk, utan at nokon veit kven du er, og dette då ikkje får konsekvensar for deg, kva gjer du?

Sjølvsagt er det feil. Me har rettsapparat som skal dømme. Me har lover som skal vere grunnlaget. Og ettersom individet, og liv til det, er ein grunnpilar i eit fritt samfunn, må vonde handlingar vere kriminelle, og kriminalitet må bli bevist.

Men forutan den diskutable sida av denne animeen, så er det ei spennande jakt, sjølv om det ikkje er nok til å gjere heile 26 episodar interessante.

Death Note: Desu nôto 2006-2007 plakat - Filmdagbok

Alternativ tittel

Death Note

Publisert

10. januar 2010 av

Skapar

Tetsurō Araki

Skodespelarar

Mamoru Miyano, Brad Swaile, Vincent Tong, Ryô Naitô, Trevor Devall, Brian Drummond (I), Naoya Uchida, Chris Britton, Keiji Fujiwara, Kappei YamaguchiVis alle 135 skodespelarar

Sjangrar

Animasjon, Drama, Fantasi, Grøssar, Krim, Mysterium, Thriller

Land

Japan

IMDb

IMDb-side om Death Note: Desu nôto