Death of a President

Dette er ingen dokumentar, men ein rein fiksjonsfilm som bruker dokumentariske verkemiddel som intervju, overvakingsfoto og stillbilde for å få fram bodskapen sin. Den er ikkje ein anti-George W. Bush eller anti-amerikansk film, men heller ørlite meir mot sympati for den døde presidenten. Naturleg nok, siden det er eit drap som er tingen her, og ikkje berre politikken til fyren. Men stort sett verkar filmen sett med eit filmdokumentarisk blikk rimeleg balansert.

Han er faktisk spennande, får fram kjensler. Det verkar ekte, faktisk meir enn andre amerikanske kinodokumentarar eg har sett på enn så lenge, men eg har ikkje sett så mange heller. Det er eit interessant konsept, som eg håpar ikkje blir gjenstand for ei ny bølge innan film, for noko fakta får eg ikkje ut av det. Å stille spørsmål som kva viss det og det hadde skjedd er spennande, men eg sjarmen blir borte om konseptet blir utvatna.

Det at dei har brukt ekte personar her som George W. Bush og Dick Cheney saman med oppdikta karakterar i Secret Service og elles er å satse høgt, men det er eit autentisk preg over det heile, eg likte det.

Death of a President 2006 plakat - Filmdagbok

Publisert

10. november 2006 av

Regissør

Gabriel Range

Manusforfattarar

Gabriel Range, Simon Finch

Skodespelarar

Hend Ayoub, Becky Ann Baker, Brian Boland, Michael Reilly Burke, Patricia Buckley, Seena Jon, Robert Mangiardi, Neko Parham, Jay Patterson (I), Chavez RavineVis alle 94 skodespelarar

Sjangrar

Drama, Krim, Mysterium, Thriller

Land

Storbritannia

IMDb

IMDb-side om Death of a President