Death Proof (2007)

Film / 29. september 2007
4/5

Death Proof er første film i den tenkte doublebillen Grindhouse. Regissert og forfatta av Quentin Tarantino. Med Kurt Russell, Rosario Dawson og Vanessa Ferlito som nokon av stjernene.

Det er gamle B-filmar som er brukt som inspirasjon for denne og Planet Terror. Filmen handlar kort sagt om pene damer og ville stunt, men dei som kjenner Tarantino veit at det óg vil vere mykje god dialog her. Deler av dialogen kunne vi ha blitt spart, for Death Proof blir litt for mykje show-off av Taraninto si nerdekunnskap enn underhaldning i store deler av filmen. Folk går mykje rundt utan mål og meining.

Etter kvar blir Death Proof ein film med meir meining, som absolutt fortener godsnakk. Vill bilkøyring dominerar. Death Proof ender overraskande med å glede meg ganske mykje til slutt, den krevde berre litt ekstra konsentrasjon og tålmodigheit i starten.

Death Proof 2007 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Grindhouse

Regi

Quentin Tarantino

Manus

Quentin Tarantino

Skodespelarar

Kurt Russell (I), Zoë Bell, Rosario Dawson, Vanessa Ferlito, Sydney Tamiia Poitier, Tracie Thoms, Rose McGowan, Jordan Ladd, Mary Elizabeth Winstead, Quentin Tarantino

Sjangrar

Action, Drama, Krim, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Death Proof

Forfattar