Death Race

Det freista eigentleg å nemna Death Race her av to grunnar, den første er det grunnlaget for framtidsvisjonen i filmen som har blitt svært aktuelt med dagens finanskrise. Den andre er at Death Race overraska positivt.

Nyinnspelinga av Death Race 2000 frå 1975 har Jason Statham i hovudrolla som Jensen Ames. Livet hans forandrar seg brutalt når han blir skulda for å drepe kona, sett i fengsel og byrjar med racing.

Racing og fengsel, her er det noko som ikkje stemmer heilt tenker du kanskje. Her kjem det mest banale med filmen inn i bilde, forutan tidvis dårleg filmmusikk. Det har seg sånn at den amerikanske økonomien kollapsa i 2012, som følger av dette har kriminalitet eksplodert. For å kunne huse alle fangane har fengselssystemet blitt privatisert, og for at dei private eigarane skal få dette til å lønne seg har det blitt starta dødsrace – billøp der fangane har fått spesialbygde bilar med våpen og ingen reglar herskar på bana. Alt er lov for å vinne, og løpa blir strøyma på internett.

Avstanden mellom tøff og banal kan ofte vere kort i denne type enkle, eksplosive spenningsfilmar. Filmen er underhaldande først og fremst fordi han er blodseriøs. Jason Statham passar perfekt til å holde maska utan å bli den komiske typen, fordi filmen er over toppen av brutal og dermed kan sjåast på som litt uhøgtideleg likevel og framleis tøff, og fordi filmen aldri sporar av.

Death Race er ein enkel film med ei rett fram historie, som sagt er grunnlaget enkelt og det er nok ikkje poeng i å stille mange spørsmål rundt han.

Utan å ha søkt for mykje opp på det har eg forstått det som at denne først og fremst inneheld mange ville stunt og heller mindre dataanimasjon, noko som er utruleg forfriskande i ei tid då denne type enkle filmar gjerne tyr til halvdårleg dataanimasjon. Iallfall ser det meste ganske ekte ut, fysikken stemmer stort sett og det er ikkje lagt opp til type teiknefilm,fysikk som i Shoot 'Em Up og Wanted, andre stjernefylte og enkle spenningsfilmar eg vil plassere i same bås som Death Race.

Innstillingane mine til Death Race på førehand var ikkje utelukkande nøytrale. Måten denne klarer å bli tøff på, og heilskapen trekk vekk fokuset frå alle småtinga som ikkje nødvendigvis heng på greip, gjer at eg nesten kan anbefale han vidare.

Death Race 2008 plakat - Filmdagbok