Death Rally

Spel / 1996
5/5

Eg har ikkje spelt all verda opp gjennom årene. Sjølv om eg spelte meir før enn no. Ofte har eg spelt nokon av dei same spela opp igjen, og Death Rally er eit av dei eg har spilt mest.

Det er et fartsfylt og morosamt bilspel med våpen. Grafikken er todimensjonal sett frå over og ned, og spelet kan bli runda på nokon få timer.

Death Rally går ut på at du startar med ein dårleg bil. Ein som ser ut som ei boble og køyrer veldig seint. Du har også avgrensa med økonomi, så våpen er ikkje nødvendigvis det du kan bruke pengane på.

Ved å konkurrere og vinne mot motstandarar som er like god esom deg, får du stadig betre økonomi og kan oppgradere både bil og våpen. Da møter du igjen vanskelegare motstand, om du ønsker å vinne nok til å komme deg endå vidare.

I blant er motstanden og køyringa betre enn deg, og du må vere taktisk i bruken av våpen og sabotasje for å vinne. Det beste er om du klarer å øydelegga motstandarane heilt under løpet.

Dette er både eit vanedannande og spennande spel, som du blir ferdig med i tide til aldri å kjede deg.

Death Rally 1996 plakat - Filmdagbok

Publisert

15. juli 2013 av

Sjanger

Science fiction

Land

Finland, USA

IMDb

IMDb-side om Death Rally