Death Warrant

Mystiske dødsfall i eit fengsel utløyser behovet for ei etterforsking. Den kanadiske politimannen Louis Burke (Jean-Claude Van Damme) er tilfeldigvis i USA, og tar jobben. Ingen kjenner han igjen, og han er den perfekte kandidaten.

Motstanden er likevel stor i fengselet, og det er ingen å stole på. Spørsmålet om kven han eigentleg kan stole på utanfor murane kjem også til overflata. Dødsfalla er berre overflata i eit større nettverk av kriminell aktivitet.

Death Warrent er ein under middels god film. Det er ikkje nok tøff slåsting til å dekke over for manglane til filmen. Produksjonen er ikkje på topp og historia blir for enkel åleine. Det hadde fungert om alt var litt betre, eller om dei som står bak filmen hadde bestemt seg for kva type film dei ville lage. Her står det mellom action og krim, og ingenting skil seg ut nemneverdig.

Det er hovudproblemet mitt med filmen, og gjer sitt til at eg kjeder meg etter ei stund, når eg innser at det aldri vil ta skikkeleg av. At Jean-Claude Van Damme er med, og er eit kjent tryne med visse forventningar, hevar filmen eit lite hakk. Men det er ikkje nok.

Death Warrant 1990 plakat - Filmdagbok