Delete Me

Serie · 2021 · · 20. mars 2021
3/5

Den norske serien Delete Me hadde premiere på Viaplay i byrjinga av mars 2020. Dette var ein serie eg høyrte om eit drygt år i forvegen, og kor samandraget gjorde meg nysgjerrig nok til å ha venta ei stund på serien.

Det handlar om to jenter i russetida. Den eine av dei opplever at ein sexvideo hamnar på avvege, og blir spreidd overalt på internett. Den andre, og ei venninne av den første jenta, er på sitt vis lei av interessa venninna har for å bli del av ein gjeng dei hittil har halde seg unna.

Eg frykta ei stund at dette skulle bli ein dyster serie, men det var før eg byrja med han. Desse tankane forsvann fort. Det viser seg at serien er mest spennande og dramatisk enn tung på noko vis, trass i alvorleg tematikk.

Ein ting det tok litt tid å få tak på, var oppbygginga av scenene og episodane i den første sesongen. Så skal du sjå Delete Me, følg litt ekstra med her, og du vil få betre utbyte av serien.

Det skjer sånn passe mykje til at dette er ein kurant serie spreidd over sju episodar. I blant kan det dryge litt med lengre scener som ikkje tilfører mykje meir enn visuell støy.

Det er litt uklart om serien forsøker å problematisere det han tek opp, eller spelar på ei spenning rundt det. Det kunne ha blitt gjort meir mystisk, men plagar meg elles ikkje på nokon måte.

Delete Me er ein grei serie alt i alt. Han vinn ikkje noko topplassering av meg på verken innhald eller oppbygging, men klarte likevel å bli ein serie som gjekk fort ned.

Ein ting eg elles kom til å lure på, spelar forholdet mellom karakterane Marion og Marit på den kjente historikken om artistane i M2M?

Les også meldingar på serienytt.no (norsk) og filmfront.no (norsk).
Dette blogginnlegget har blitt nemnt på www.instagram.com. Gå dit for å like eller kommentere det.
IMDb-logo
TV Time-logo
Filmfront-logo
Delete Me 2021 plakat - Filmdagbok

Foto: Viaplay