Delicatessen

Den første filmen i dag er ein fransk film av Jean-Pierre Jeunet, kanskje mest kjent for Le Fabuleux destin d'Amélie Poulain, og Marc Caro, samarbeidspartneren til Jeunet også i La Cité des enfants perdus.

Me er i eit leilegheitskompleks i ei ukjent framtid då matmangelen herjar, noko som går utover vaktmeistarane i dette komplekset. Nye blir leigd inn heile tida, men etter kvart slakta til gode for dei faste leigebuarane. Louison, ein tidlegare sirkusartist, er siste tilskotet som vaktmeistar, og blir med oss gjennom mange bisarre tilfeldigheitar og elles planlagte situasjonar som alle heng saman på ein eller annan merkeleg måte.

Eg hadde store voner til filmen etter å ha lese om han, og nesten alle innfridde. Det som kanskje skuffa meg var at han ikkje blei så grotesk som eg hadde førestilt meg, men det var likevel ein fornøyelse å sjå filmen. Mange morosame situasjonar, stemningsfull musikk på lik linje med den eg hugsa frå Le Fabuleux destin d'Amélie Poulain, og elles detaljar i massevis. Ein god film.

Delicatessen 1991 plakat - Filmdagbok