Deliverance (1972)

Film / 28. august 2007
4/5

I kveld var kvelden for ein film som har krevd sin plass i bakhovudet mitt i altfor lang tid. Som eg har utsett for lenge, hatt lyst til å sjå, men aldri gått inn for før no. Deliverance med Jon Voight, Burt Reynolds, Ned Beatty og Ronny Cox.

Sammen er dei fire kamerater, i kva samband får me ikkje vite, som skal valfarte ned Cahulawassee River med kano, før elva og resten av dalen blir oversvømt av et damprosjekt.

Helt i fra første minutt kan en ane en smånervøs stemning som ligg og knugar i botnen. Vi befinner oss utanfor sivilisasjonen, i et miljø så ofte portrettert i amerikanske grøssere, den forfalne landsbygda med sine eksentriske og rare skruer.

På veg nedover elva er det klart at reisa må by på problem, i et så mektig element ligg overraskinga i kva som vil skje først. Den smånervøse stemningen er berande for heile filmen, og slepp aldri taket. Når det skjer noko ekstra er det berre bonus, og det skjer ofte nok! Glede! Deliverance nyttar seg av et fascinerande filmsett (naturen) og redselen for det uvisse, samt udødelege oppskrifter i konfrontasjonar, som er like grufulle i dag som for 30 år sidan.

Dramatisk og med grøss i to heile timer, det er ingenting å utsette på denne filmen.

Deliverance 1972 plakat - Filmdagbok

Regi

John Boorman

Manus

James Dickey, John Boorman

Skodespelarar

Jon Voight, Burt Reynolds, Ned Beatty, Ronny Cox, Ed Ramey, Billy Redden, Seamon Glass, Randall Deal, Bill McKinney, Herbert 'Cowboy' Coward

Sjangrar

Drama, Eventyr, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Deliverance

Forfattar