Dellamorte Dellamore

Prisbelønna italiensk skrekkfilm av Michele Soavi, med Rupert Everett som Francesco Dellamorte, gravplassstyraren som må drepe dei døde ein andre gong når dei vert zombiar.

Eg opplev ein aukande sans for zombiefilmar, men dette er det mest oppskrytte tullet eg har sett innan sjangeren. Filmen er full av manglar: Uskikkeleg samanheng, god romantikk, humor, skodespel å skryte over, intensitet og ei fornuftig forteljarstemme. Snu om på alt eg lista opp og du har inntrykket mitt av filmen altså.

Heilt firkanta på vurderinga mi skal eg prøve å unngå og vere. Klarar du å sjå det komiske i at den talentlause Anna Falchi dukkar opp som tre ulike kvinner, og at Dellamorte umiddelbart blir forelska i kvar enkelt når dei dukkar opp, er du på god veg. Men verken dette eller den patetiske hjelparen Gnaghi sin oppførsel slo an.

Blod blir det nok av etter ei stund, det skal filmen ha, men alle drapa kjennest tomme. Rupert Everett passar ikkje inn som tøff og iskald pistolmann, til det er mannen for blotta for karisma. Hadde Bruce Campbell hatt rolla derimot.

Med den tanken set eg lok på kista. Eller vent litt, eit par ting ved filmen som trakk den opp frå evig kaving i gjørma: Eg nemnde vel Anna Falchi her? Pluss at filmen har eit par småsekvensar eg ikkje hugsar i detalj, men som eg smålo av. Det var alt.

Dellamorte Dellamore 1994 plakat - Filmdagbok