Den brysomme mannen

Ved sidan av Slipp Jimmy Fri var dette ein av dei norske filmane frå 2006 eg ikkje fekk sett på kino, og som eg sidan har gått og sett fram til å få på video. No kom rett nok videoen til denne filmen ut for ei stund siden, men omstenda har ført det til at eg ikkje har fått sett filmen før i dag. Forventinga til denne var veldig høg på grunnlaget av den gode kritikken eg har fått inntrykk av at han har fått over heile linja.

For å gjere meg ferdig med det faktumet at det er ein norsk film og gå over til noko meir sakleg, så vil eg starte med å sei at denne filmen er ganske god – uansett nasjonalitet. Det er ikkje med slike auger eg som regel vurderer ein norsk film, men det gjekk denne gongen.

Andreas (40) kjem frå ein ukjent stad, og hamnar på ein ukjent stad som viser seg å ikkje vere heilt som det Andreas har inntrykk av at det skal vere. Allereie i starten når han kjem køyrande inn i bilde og stig av bussen i eit Paris, Texas-inspirert miljø er det noko som manglar. Etter kvar viser det seg at alle han møter er likegyldige til det som skjer rundt seg, enkelt sagt kjenslelause.

Det fine med denne filmen er at han i tillegg til å sjå nydeleg ut med sitt kameraarbeid, er gjennomført på ein så god måte at ingenting treng forklarast. Mykje av det som skjer i filmen, skjer faktisk ikkje i filmen, men det er via inntrykk me får vite at det skjer. Eller ved å putte to og to i lag. Dialogen kan verke veldig stiv, men når du forstår at det skal vere slik, så er alt berre ein fryd.

Med stødig hand blir kamera ført i eit behageleg tempo, som i mange andre samanhengar ville ha vore seint og langdryge. Filmen varer uansett ikkje i meir enn 90 minuttar, så det ser ut til at regissør Jens Lien har skjønna korleis det skal vere.

I 2010 skreiv eg ei masteroppgåve med ei bildeanalyse av kinoplakaten til Den brysomme mannen. Eg vil gjengi kapittelet under. Noko repetisjon av innhaldet i teksten over vil kunne finnast:

Andreas (Trond Fausa) vaknar opp på ein buss utanfor byen, når bussen er på siste stoppestad. Han hugsar ikkje korleis han kom dit, og me får ikkje vite kor han har vore. Frå stoppestaden kjem han seg inn til ein by der har han ei leilegheit, ein jobb og ei kone. Alt kjem overraskande på Andreas. Det går kort tid innan Andreas oppdagar at ikkje alt er som det skal vere. Innbyggjarane i byen manglar kjensler, og det er umogleg å gjere noko som helst for å sjokkere dei. Dette fører til stor frustrasjon for Andreas, som kjenner seg fengsla. Fleire forsøk på å rømme byen mislykkast. Til og med forsøk på sjølvmord feilar, og det ser heller grått ut før han møter og blir venn med Hugo. Hugo har funne ei sprekke i ein vegg i ein kjellar, der det strøymer vakker musikk ut frå. Musikken står i kontrast til ein elles steril by, der lidenskap er eit framandord og alt er glatt og perfekt på overflata. Den brysomme mannen plasserer Andreas i ei rolle der han ikkje ser ut til å vite svara på dei spørsmåla som både han og me som publikum stiller, og legg til rette for store tolkingsmoglegheiter for bakgrunnshistoria. Tematisk framstiller den livet i byen som eit materielt fengsel, perfekt med tanke på effektivitet, men mangelfullt i viktige delar av livet.

Formale trekk

Plakaten til Den brysomme mannen er grovt sett delt inn i fire seksjonar om ein skil mellom logoen og kredittblokka. Den har namna til dei to mest sentrale skodespelarane i filmen i kvart sitt hjørne på toppen. Vidare nedover kjem den illustrerte delen av plakaten, før logo og kredittblokk er plassert nedst. Namna TROND FAUSA AURVÅG og PETRONELLA BARKER står øvst på plakaten, på kvar si side, skrive i versalar og ein lettleseleg sans-seriff skrifttype. Bakgrunnen bak namna og teikninga, er i sterk, einsfarga oransje.

Hovudet har ei ikkje-human form, det er meir kvadratisk og manglar dei fleste sanseapparata. Det er den største delen av den illustrerte delen av plakaten, og dekkjer omtrent to tredjedelar av høgda og to tredjedelar av breidda. Dette hovudet er den øvre delen av ei teikning som vidare nedover illustrerer ein skjortekrage, toppen av ein slipsknute og skulderpartiet av ei kvit skjorte. Like over den eine skuldra, til venstre på plakaten, står signaturen til Pushwagner.

Inni hovudet på teikninga ser me ei samansetjing av ei teikning og eit fotografi. Teikninga som dekkjer heile innsida av hovudet er grå, og viser ei miniatyrteikning av ein stor hall med mange små rom, i mangfaldige etasjar på alle sider. Romma har enten ingen eller gjennomsiktige vegger, og inni romma er det mange små folk. Me ser ikkje botnen av den store hallen, men i staden dei små romma som strekkjer seg nedover inni det skapte rommet i hovudet. På toppen av teikninga trekkjer taket seg saman i ein kuppel, og små rom følgjer kuppelen heilt til toppen, der ei lita glipe i taket er midtpunktet. Fotografidelen av bildet viser ein mann som står i lause lufta. Rundt han går ein spiral av små menneske, i same storleik som menneska inni dei små romma. Spiralen byrjar lengst nede inni teikninga av hovudet , og er på sitt største for sjåaren i det den snur seg rundt mannen, før den blir mindre igjen mot toppen og forsvinn ut gjennom eit hol i kuppelen. Mannen sett bakfrå, har på seg ei mørk dressjakke, ei lys skjorte og ei brun skyggehue. Han har hår som dekkjer heile bakhovudet og hovudet hans er snudd nokre grader mot høgre.

Under den illustrerte delen står logoen på filmen, DENBRYSOMMEMANNEN, i versalar utan mellomrom. I staden for mellomrom har DEN og MANNEN oransje bokstavar og BRYSOMME har svarte. Nedst på plakaten ligg kredittblokka med små, smale bokstavar, midtstilt og vanskeleg å lese på avstand som på mange plakatar. Like under følgjer nokre logoar og ei adresse for eit internettområde.

Analyse av formale trekk

I logoen er BRYSOMME som nemnt utheva med ein svart farge, det gjer at ordet står ut i forhold til dei to andre, og mangelen på mellomrom framhevar eit press det svarte skapar. Å stå seg ut i forhold til noko, og mangel på distanse, kan bli sett på som både positivt og negativt. Unik kan bli både eit kompliment og eit skjellsord, ein person som er unik kan enten vere ein person som går sin eigen veg frivillig, eller er utstøytt på grunn av faktorar han kanskje ikkje har kontroll over. I nokre samanhengar kan det å stå seg ut vere til bry og sjenanse for andre og bli ei plage. Logoen får fram det å vere brysam, ved å plassere BRYSOMME tett opptil dei to andre orda.

Mannen inni det illustrerte hovudet er fanga som i eit fengsel. Rundt han kan me ikkje sjå nokon veg ut, men rom på rom ligg i etasje etter etasje — alle identiske. Å blande desse elementa i saman som her, der mannen er plassert inni illustrasjonen som legg seg både over og under mannen, gir ein anna effekt enn om mannen var plassert utanfor illustrasjonen. At han ikkje ligg utanpå, men er inni illustrasjonen kjem fram av dei mange små figurar som legg seg rundt mannen. Den ekte mannen, som er fotorealistisk, står i kontrast til det skapte rundt han, og dette får fram ei kjensle av fengsling og mistilpasning.

Valet av oransje som bakgrunn på plakaten kan vere gjort av fleire grunnar. Oransje og gul er varme og lyse fargar, og minnar oss om sol. Den står i kontrast med det grå dystre inni hovudet, og kan vere til for å vege opp for dette uttrykket. Oransje er ein farge som er lett å leggje merke til, og den har god effekt i reklamebruk. Det er ein farge som står seg ut og som ein lett legg merke til. Andre døme på bruk av oransje kan me finne innan ulike sikkerheitselement, som redningsvestar, kjegler og skilt ved vegarbeid.

Den brysomme mannen er basert på eit kunstverk av Hariton Pushwagner, kunstnarnamnet til nordmannen Terje Brofos. Selvportrett blei laga i 1986, og eit liknande silketrykk, namngitt Selvportrett, vart laga omtrent i år 2000. Pushwagner skal ha brukt eit år på å lage den første versjonen av Selvportrett, og han anslår måleriet til å innehalde over 23 000 figurar.

Bruken av dette kunstverket er eit av dei klaraste eksempla på kunstnariske uttrykk som finst blant norske kinoplakatar. Det er ikkje sagt at andre plakatar ikkje er kunstnariske, men ved å ta utgangspunkt i eit kunstverk som mange kjenner til, blir tankane i stor grad styrt inn på denne plakaten som eit kunstnarisk uttrykk. Eksplisitt bruk av kunstverk i denne grad er interessant i og med at det fører til ei rekkje forventingar til filmen, forventingar knytt opp mot kunstnaren og dei konnotasjonane som ligg i kunstverket. Det som er gjort med denne plakaten, er at ein person, mest sannsynleg protagonisten, er plassert i eit rom og ei handling. Ei handling knytt til han som person gjennom teksten i logoen. Plasseringa til protagonisten i nedste halvdel, ei plassering som er mykje brukt på moderne plakatar, mellom anna på Tommys inferno, Rovdyr og Engelen.

Sett nærare på utforminga og plassbruken på plakaten, så skil ikkje Den brysomme mannen seg merkbart ut. Det som gjer at den skil seg ut, er bruken av eit kunstverk som grunnlag for plakaten. Med vekt på grep for utforming, ser ein blanding av illustrasjon og foto på mange norske plakatar, deriblant Øye for øye og Etter Rubicon.

I forhold til Rovdyr som skryt av høge terningkast frå norske tidsskrift som Spirit og FHM, samt utdrag av god kritikk frå PlanB, har Den brysomme mannen fått internasjonal godkjenning gjennom ein pris gitt i Cannes, ACID Award. Prisen er gitt av ein jury samansett av eit utval regissørar, og delt ut under filmkritikarane si veke i festivalen, La Semaine de la Critique. Eit slikt stempel fortel oss at dette er ein film som ein kan forventast noko ekstra av. At filmen har ein kvalitet av eit eller anna slag, då ein reknar med at ein jury består av folk som har peiling. Kva slags kvalitet det er snakk om kjem ikkje fram, for i motsetning til Rovdyr er det ingen utdrag frå grunngjevingar av juryen. Med ein pris frå Cannes følgjer likevel konnotasjoner. Dette er ein festival med mange filmkritikarar, og utvalet filmar skil seg ofte ut frå ein masse, eller har ei viss forventing knytt til seg. Det er heller ikkje kvart år norske filmar blir valtut, i år 2010 blei ingen norske filmar valt ut til Cannes.

Den brysomme mannen 2006 plakat - Filmdagbok