Den man älskar

Lena og Hannes har ei fortid i lag. Over tid mishandlar Hannes Lena i stadig større grad, noko som til slutt resulterer i at han endeleg blir sett i fengsel.

Filmen startar ved at den tredje viktige personen i filmen, Alf, ektemannen til Lena i det mest aktuelle tidsforløpet gjennom filmen, besøker minnelunden der oska til Lena er spreidd. Me får vite at Lena er død. Alf skjønte at han ikkje kunne gjere noko med dette også før ho forsvann. Dette set på ein måte utgangspunktet for filmen før historia gjer eit hopp tilbake i tid til Alf og Lena sine beste dagar.

Ei stund har gått siden Hannes blei sett i fengsel og han blir sett laus på prøvetid med krav om å gå i gruppeterapi for å kontrollere sinnet. Ein dag ser Lena tilfeldigvis Hannes på gata, når ho etter kvart mottek eit unnskyldande brev i posten som Hannes aldri skulle ha sendt blir ho usunt nysgjerrig på om ein person verkeleg kan forandre seg frå å vere prakteksempelet på mishandlar til å bli meir eller mindre normal.

I Den Man Älskar handlar det om menneske som blir styrt av impulsar framfor avgjersler gjort på logiske resonnement. Lena gløymer, Hannes gir etter, Alf kjem heller ingen veg trass oversikta over fakta og delvis utanforståande i forholdet mellom Lena og fortida hennar. I den håplause tragedien som utfoldar seg er det fråvære av forventa utvikling som gjer dette uthaldeleg og ikkje frustrerande. Om eg anar kor dette kan gå vil det aldri bli for mykje av dveling rundt det. Du kan fint sei at det ikkje handlar så mykje om kva som skjer som at det handlar om kven som er involvert.

Temaet er mishandling og det handlar både om personen som blir mishandla og personen som mishandlar. Og om personar med tilknyting til desse. Det blir ikkje prøvd gitt ei forklaring på tankane Lena som blir mishandla sit med, så mykje som det faktum at ho er stappfull av tankar av alle slag. Her er det opp til publikum å bestemme kva som er det viktige.

Bruken av klassisk musikk for å skape eit passande lydbilde til handlinga er tydeleg og i blant nær over toppen, like fullt velplassert på dei plassane der det er ønska oppnådd ekstra effekt. Det tekniske er på plass utan å trekke til seg spesiell merksemd. Den sterke handlinga er eigentleg nok i seg sjølv og klarer åleine å skape ei ubehageleg kjensle som kunne ha vore tent med ein endå større avstand mellom oss og det som skjer på skjermen.

Eg er redd dette blei litt bleikt med tanke på potensiale. Filmen ligg nær å vere verkeleg god, men taper på feige utvegar og kunne gjerne ha vore endå tyngre og dystrare. I fleire tilfelle medan eg såg filmen sat eg med nervøs og ubehageleg kjensle som vitnar om godt laga film. Etter kvart gjekk det derimot opp for meg at gangen i filmen var bestemt, og forbi dette punktet klarte ikkje filmen å holde på den heilt store interessa trass i det sterke temaet. Slutten blei derfor likegyldig, noko som sjølvsagt ikkje er bra.

Den man älskar 2007 plakat - Filmdagbok