Der 90. Geburtstag oder Dinner for One

1963 / Film
23. desember 2018
3/5

Kva kan seiast om Grevinnen og hovmesteren som ikkje allereie er sagt? Dette er ein morosam kortfilm på nesten 20 minutt om ein fyr som vert full, snublar, vert fullare, og gjentek dette nokon gonger.

Det er fornøyelig, men det er ikkje heilt favoritten min. Eg set pris på fysisk humor, men det er ikkje noko eksepsjonelt ved det som vert utført her. At serien går gongen sin kvart år på NRK og er vorte tradisjon, kan eg heller ikkje seia tyder noko for meg.

Morosam, men ingen klassiker.

Der 90. Geburtstag oder Dinner for One 1963 plakat - Filmdagbok