Der Untergang

Film · 2004 · · 5. mai 2005
3/5

Ein film som fokuserer fullt og heilt på Adolf Hitler og det som skjer nær han i bunkeren under dei siste månadane av andre verdskrig. Og lat meg få sagt det, Adolf Hitler var ein sjuk mann. Eg tykker litt synd på Traudl som blei involvert i det han dreiv med.

Det me får sjå her er både informativt og lærerik. Det er ei god skildring av Adolf Hitler vil eg tru, om korleis han var blant folk. Kanskje det blir lagt litt for mykje vekt på dette, og at filmskaparen heller skulle ha vist han som den gale personen han var?

Oppsummert kan eg seie at filmen var god, men mi heller labre interesse for krigsfilmar trekk nok ned ein del, og det blir kjedeleg mot slutten.

Der Untergang 2004 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Bruno GanzAlexandra Maria LaraCorinna HarfouchVis alle

Sjangrar