Desert Flower

Turen innom Kosmorama, Trondheim internasjonale filmfestival, blei kort i år. To filmar blei sett, men det var to gode filmar.

Favoritten min blant Kûki ningyô og Desert Flower, blir sistnemnte. Ei filmatisk skildring av livet til supermodellen Waris Dirie, frå oppvekst til gjennombrot. Med Liya Kebede i hovudrolla, har regissør Sherry Horman bygd opp filmen der notida er situert rundt gjennombrotet i London, mens tilbakeblikk fortel den lange vegen dit.

Desert Flower er ikkje ein typisk lykkeleg film. Innslaga frå den glamorøse verda til modellane er få og lettar berre stemninga i blant, heller enn å prege historia i filmen. Temaet som blir teke opp er det om kvinnemishandling, omskjering og Waris Dirie si rolle som den mishandla, og seinare ein av dei som blei den sterke stemma som gjorde verda oppmerksam på situasjonen i Somalia.

Det kan høyrast ut som dette er ein tung film, med så tung tematikk å ta tak i. Men med stødig hand, har Sherry Horman lagt inn stadige komiske avbrekk, av den tona ned typen som aldri risikerer å trekke ned seriøsiteten til resten av filmen. Resultatet har blitt ein film som går under huda på deg, får deg til å tenke, men ikkje etterlet deg i ei sky av håplause.

Som pluss er Desert Flower pakka inn med ein god lydmiks og har flotte bilde. Han forsvarar lengda på to timer og kjem, trass i tekniske problem som eg opplevde under kinovisinga, ut av det heile som ein sterk film. Takk, Kosmorama.

Desert Flower 2009 plakat - Filmdagbok