Destino

Film · 2003 · · 23. januar 2021
4/5

Destino er eit animert samarbeid mellom Salvador Dalì og Disney som blei lagt på is etter andre verdskrig på grunn av finansielle utfordringar. På byrjinga av 2000-talet blei produksjonen tatt opp igjen og filmen blei fullført. Resultatet er ein kortfilm på sju minuttar som osar av Salvador Dalì, gammal musikk, nyare animasjon og ein solid dose surrealisme.

Dette er ein animasjonsfilm utanom det vanlege, og er fantastisk flott å sjå på. Eg visste ikkje kva eg gjekk til, og blei positivt overraska. Har du tilgang til denne, så er det ei anbefaling å setje av nokre minuttar til å sjå han.

Les ei anna melding på gonewiththetwins.com.
Destino 2003 plakat - Filmdagbok