Destry Rides Again

Film 1939

James Stewart spelar den nye visesheriffen, Tom Destry, i småbyen Bottleneck. Ein by prega av mykje vald, ein korrupt borgarmeister og ein gangster som styrer byen.

Visesheriff Destry er ikkje som alle dei andre i byen. Han er i mot å gå med revolver, og handterer problem med snakk og andre gode idear. Sjølv om han eigentleg er flink å skyte. Han seier sjølv at han er prinsipielt i mot å gå med våpen, men siktar mot å bevare lov og orden på ein mindre valdeleg måte.

Destry Rides Again handlar om korleis han skal få orden på Bottleneck. Filmen er full av god humor, samtidig som den har ein sterk helt som ikkje vik frå sine prinsipp. Eksempelvis har me rancheigaren Claggett som i byrjinga av filmen mistar ranchen sin i eit pokerspel. Sjølv om han følte seg lurt, meiner Destry at han ikkje kan gjere noko med det, då Claggett fullt bevisst spelte vekk sitt signerte eigarbevis på ranchen.

Eg likte filmen godt. Mykje på grunn av James Stewart og Marlene Dietrich sine gode framføringar. Men også fordi filmen har eit fint fundament i Destry sans for lov orden. Og fordi filmen emnar å overraske, overdrive og stå seg ut som ein særeigen film med si enkle handling.

Rangert som 4 av 54/5

Destry Rides Again 1939 plakat

Publisert 23. september 2018 av Bear Ness