Det nya landet

Frå vår nabo i aust kom denne innvandrarkomedien godt med på eit aldri så lite vorspiel blant venner. Skrive av mannen bak Fucking Åmål, og regissert av Geir Hansteen Jorgensen, blei denne opphavlege tv-filmen etter kvart klypt om og tilpassa kino.

Det handlar om Ali og Massoud som rømmer frå asylsøkarleiren for å kunne få bli i Sverige. Dei kjem opp i både morosame og mindre morosame situasjonar som har med kulturkrasj og rare svenskar å gjere, men det ligg også ei djupare meining bak filmen. Alt er ikkje enkel moro.

Denne meininga var ikkje den lettaste å fange opp undervegs sidan filmen blei sett på eit vorspiel. Nokon scener står seg likevel ut, og karakterutviklinga kan merkast på både godt og vondt.

Alt i alt ein fin liten film frå våre venner over grensa, mykje god humor utan å vere rølpete. Og sjølv om eg nok har sett han ein gong før skada det ikkje med eit gjensyn.

Det nya landet 2000 plakat - Filmdagbok