Det sociala arvet (1993)

Film / 16. oktober 2007
3/5

Tysdag er dokumentardag, eller har iallfall vært det fleire av tysdagane denne hausten. På forelesingsplanen stod den tredje filmen i trilogien om Patric Gustafsson og Kenneth 'Kenta' Gustafsson av Stefan Jarl oppført. Det vil sei, Stoffa døydde i løpet av førre film, som eg saman med den første gjekk glipp av førre tysdag.

Synet her er retta mot den nye generasjonen, ungane til modsen frå 1968. Modsen var ungdomsopprørarane i Sverige, en variante av hippiane. Stefan Jarl var skeptisk til korleis det skulle gå med ungane, men det viser seg at dei ikkje har nokon problem, faktisk heller stadig bra. Han er kanskje litt skuffa over at dei har teke kommersialismen og materialismen så inn over seg, så kritiske foreldregenerasjonen (modsen) var mot samfunnet.

Velfungerande dokumentarfilm med enkelte spelefilmelement som gir rom for en enkel karaktertilknytinga og betre flyt. Filmen er god på å skildre livet til en eks-narkoman og noverande alkoholikar (det skulle tatt seg ut å klare å slutte med begge deler!) og som sagt, den nye generasjonen.

Det sociala arvet 1993 plakat - Filmdagbok

Regi

Stefan Jarl

Manus

Stefan Jarl

Skodespelarar

Eva Blondin, Kenneth 'Kenta' Gustafsson, Patric Gustafsson

Sjanger

Dokumentar

Land

Sverige

IMDb

IMDb-side om Det sociala arvet

Forfattar