Detachment

Film / 2011
2/5

Detachment er ikkje den verste filmen. Han har litt for seg, tar opp eit par interessante poeng, og går greit an å komme seg gjennom med eit par pausar. Men han er dyster og har eit syn på menneske og verkelegheita som eg ikkje kan stå inne for.

Som regel har eg ingen problem med alt dritet filmar spyr ut om. Politisk, filosofisk og ideologisk byr denne bransjen på mykje snodig. Men så er det så mykje bra at eg i større grad lar meg underhalda og glede meg over formatet enn andre ting.

Detachment treff derimot med litt for mykje drit, og for ein gongs skuld er totalinntrykket mitt av ein film svakt på grunn av andre ting enn keisemd eller tema. For tema i denne filmen er i grunn interessant nok, og deler av filmen er også inspirerande. Det handlar om ein vikar og ein skule full av håplause ungdommar, og korleis ein fyr kan opparbeide seg respekt ved å vere dyktig.

Det er derimot refleksjonane til denne fyren som øydelegg. Og at filmen då totalt sett ser ut til å vere til for å preike om at det ikkje er noko poeng i å gjere ting betre.

Detachment 2011 plakat - Filmdagbok