Dexter

Serie / 2006–2013
4/5

Dexter Morgan (Michael C. Hall) er eit unntak frå seriemordarar eg vanlegvis ser portrettert. Han jobbar med rettsmedisinsk for Miami-politiet på dagtid. På kvelds- og nattetid drep han etter ein kode han har. Miljøet i serien bygg seg opp rundt Dexter og dama, søstera, politiet og nødvendige avstikkarane for å etablere Dexter som seriemordar. Alt fell på plass og flyten er god.

Som med framifrå seriar generelt er det vanskeleg å sette fingeren på noko bestemt som gjer dette til ein god serie, for det er omtrent alt. Iallfall ei stund. For dei siste sesongane av Dexter har engasjert i stadig mindre grad, Men serien er blant det beste som har gått på tv dei siste ti åra viss eg utelukkande vurderer dei første sesongane.

Eg har eit ambivalent forhold til hovudpersonen, det gjer at eg heile vegen har noko å kverne tankane mine på. Han er god på ein grufull måte, men har ingen kjensler. Eg blei sittande å leite etter spor av dette.

Forutan ei interessant profilframstilling er serien bygd på eit morbid grunnlag. Han har eksplisitte bilde av vald og resultata av vald, samt ei nøye planlagt historie som knyt alle episodane saman på filmatisk vis. Det er veldig vanedannande. Her handlar det om jakta på ein seriemordar av høgt kaliber, som Dexter viser høg respekt for.

Dei første sesongane, omtrent halvparten av alle, hadde historier som leverte på alle måtar. Dei var spennande. Løyndomen til Dexter stod på spel, og livet hans hadde store konsekvensar for dei rundt han. Den mørke sida til Dexter skapte ein ekstra dimensjon rundt karakteren, som blei ein antihelt til det ytste. Interessant og i blant ein fyr som kunne bli likt, men eigentleg eit monster av eit menneske.

Motstanden som Dexter møtte tidlegare utgjorde passe gode krimmysterium. Serien hadde mørk humor og var ei utfordring på om Dexter var ein slags god person eller ikkje.

Dei seinare sesongane har i grunn gjort det same som dei første, men stadig gjentaking av dei same utfordringane har gitt inntrykk av at mindre står på spel. Spenninga blei etter kvart borte. Stadig fleire personar fekk vite kven Dexter var, og at han aldri blei avslørt for enda fleire undervegs verka søkt.

Dexter har enkelt sagt tapt stort på å gjenta suksessoppskrifta litt for mange gonger.

Dexter 2006-2013 plakat - Filmdagbok

Publisert

14. oktober 2013 av

Merkelapp

Showtime

Skapar

James Manos Jr.

Skodespelarar

Michael C. Hall (I), Jennifer Carpenter (III), David Zayas (I), James Remar, C.S. Lee, Lauren Luna Vélez, Desmond Harrington, Julie Benz, Christina Robinson (I), Geoff PiersonVis alle 859 skodespelarar

Sjangrar

Krim, Drama, Mysterium, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Dexter