Dianas bryllup

Film · 2020 · · 12. juni 2021
2/5

Dianas bryllup er eit norsk komedie som fortel om eit par med mange kjensler i sving. Filmen si handling byrjar i 1981 samtidig som prinsesse Dianas bryllup, og snor seg fram til moderne tid.

Eg har lest at dette er meint å vere ein observasjon av forholdet til foreldra Liv og Terje, som du ser på filmplakaten, i frå synspunktet til dottera Diana. Dette las eg i ettertid av at eg såg filmen, og var noko eg ikkje fekk inntrykk av undervegs. Tanken slo meg i min søken på noko som kunne knyte det heile saman og gi det litt ekstra meining, men eg tykkjer ikkje at filmen lukkast her.

Dianas bryllup er ein morosam film. Det er dei stykkvise innslaga som tar tidsepoke eller andre poeng på kornet som gjer han det. Men det er også det einaste filmen har å skilte med, og det er ikkje nok. Eg kjeda meg ikkje, men eg sat igjen med eit inntrykk av uoppfylt potensiale.

Les også meldingar på filmfront.no (norsk) og cine.no (norsk).
Dette blogginnlegget har blitt nemnt på www.instagram.com. Gå dit for å like eller kommentere det.
IMDb-logo
Filmfront-logo
Dianas bryllup 2020 plakat - Filmdagbok