Die Another Day

Den beste James Bond-filmen med Pierce Brosnan som den britiske agenten er GoldenEye. Filmane hans etter dette er underhaldande actionfilmar, men går gjerne litt for langt kva gjeld eit glatt ytre og synlige produktplasseringar, samt bruken av spesialeffektar.

Det er mange meiningar om kva ein James Bond-film skal vere. Nokon meiner Sean Connery var den beste, andre set Roger Moore høgst. Eg likar i grunn Pierce Brosnan sin versjon av James Bond, han er litt tøffare i trynet, og meir truverdig som ein uføreseieleg agent. Noko som igjen fører til at handlinga blir eit eventyr, ikkje ei plikt.

Problemet til Die Another Day er altså ikkje med James Bond-figuren, men med dette som er ein noko tullete actionfilm. Eg saknar litt meir alvor, og ønsker mindre bilkøyring på isen.

Die Another Day 2002 plakat - Filmdagbok