Dilbert (1999–2000)

Serie / 21. oktober 2009
4/5

Serien Dilbert er ein animert serie som gjekk i to sesongar på totalt 30 episodar, mellom 1999 og 2000. Skaparen av teikneserien Dilbert stod bak, og seriens humor og karakterar er difor tru mot teikneseriestripene.

Likar du Dilbert, slik eg gjer, så er dette ein skikkeleg godserie. I serieformat med lengre episodar kjem karakterane meir fram enn dei gjer i løpet av tre teikneserieruter, og dette gir rom for å utforske Dilbert-universet på ein ny måte.

Det er i grunn synd at det berre blei to sesongar, men det positive i det er at serien aldri rakk å bli dårleg eller uinteressant.

Dilbert 1999-2000 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

UPN

Skaparar

Scott Adams, Larry Charles

Skodespelarar

Daniel Stern, Larry Miller, Gordon Hunt, Chris Elliott, Gary Kroeger, Jim Wise, Jackie Hoffman, Tom Kenny, Tress MacNeille, Maurice LaMarche

Sjangrar

Animasjon, Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Dilbert

Forfattar