Dirty Deeds (2002)

Film / 15. juli 2006
2/5

Med historia sett til 1960-talets Sydney er det gjennomsyra med pastellfarger og motar frå tiåret. Kamerautsnittet på skrå her og der i så stor skala at eg måtte le av heile greia. Det er gjennomført med tanke på tidlegare filmstil, og blir sånn sett ikkje harry, berre litt.

Historia er ikkje spesielt original, men det fungerer godt nok, filmen utmerkar seg ikkje som ein av dei betre eg har sett, men var likevel god underhaldning. Som den aller første DVD-filmen eg har sett i heilskap på ein mellomklasse 32 tommar stor LCD-TV, så var bildekvaliteten veldig fin, skarp og god. Og med surround sound var heile oppsettet klart.

Dirty Deeds 2002 plakat - Filmdagbok

Regi

David Caesar

Manus

David Caesar

Skodespelarar

Bryan Brown, Toni Collette, John Goodman, Sam Neill, Sam Worthington, Kestie Morassi, William McInnes, Andrew S. Gilbert, Gary Waddell, Felix Williamson

Sjangrar

Komedie, Krim

Land

Australia, Canada

IMDb

IMDb-side om Dirty Deeds

Forfattar