Dirty Grandpa

Mogleg Robert De Niro er i vinden igjen. Dette er den andre av to gode roller frå det siste året eg har sett han gjere. Den andre var i The Intern.

Dirty Grandpa handlar om ein bestefar (Robert De Niro) og hans unge vaksne barnebarn spelt av Zac Efron, som endar opp med å dra på biltur til Miami i lag.

Eg skal ikkje dvele for mykje omkring omstenda, men bestefaren ser at barnebarnet er i ferd med å bli ein tøffel, og får for seg at han skal hindre dette. Under overflata er det noko meir, som gradvis kjem til overflata.

Det flotte med Dirty Grandpa er at det er ein komedie med litt hjarte. Det er godkjente årsaker som utløyser handlinga, og som handlar om personlegdommane ved karakterane.

Filmen bommar derimot noko på uttrykk og timing. Han er ofte for dryg, utan at eg ser grunnen til det. For mykje av å vere dryg, gjer at kvar gong gjer mindre uttrykk. Det er poenget mitt. I tillegg har filmen ein tendens til å hale ut tida på fleire av vitsane sine, som i utgangspunktet ikkje er morosame. Dette er eit grep eg har observert mykje av dei siste få årene. At det lykkast å gjere nokon vitsar absurde og komiske ved å hale ut tida i eit par filmar, betyr ikkje at det kan gjere på mange vitsar som i utgangspunktet er dårlege i alle filmar.

Hovudproblemet mitt med Dirty Grandpa er altså at nokon ikkje har avgrensa seg. Det er så lite som skal til her. Heldigvis er det mykje anna bra her som trekk opp. Resultatet er ein grei komedie, som kunne ha vore litt greiare.

Dirty Grandpa 2016 plakat - Filmdagbok

Publisert

10. august 2016 av

Regissør

Dan Mazer

Manusforfattar

John Phillips (XXXVII)

Skodespelarar

Robert De Niro, Zac Efron, Zoey Deutch, Aubrey Plaza, Jason Mantzoukas, Dermot Mulroney, Julianne Hough, Jeffrey Bowyer-Chapman, Brandon Mychal Smith, Jake PickingVis alle 98 skodespelarar

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Dirty Grandpa