Dirty Rotten Scoundrels

Ein britisk svindlar lev livet i Frankrike ved å lure rike, vaksne kvinner til å tru at han er ein prins. Michael Caine spelar denne glatte, stilfulle typen, som har stor suksess i å få økonomisk støtte til sine falske velgjerdssaker.

Så dukkar ein yngre, brå og svindlar i liten skala opp, spelt av Steve Martin. Amerikansk, bråkete og ein like typisk karakter frå sin side av verda som Michael Caine er frå si. Han er ein trussel for briten, som ser eit samarbeid som måten å få amerikanaren ut av rike Beaumont-sur-Mer på.

Det eg har sansen for med Dirty Rotten Scoundrels er konkurransen og dermed samspelet mellom Michael Caine og Steve Martin. Dei skal alltid overgå kvarandre. Og filmen går seg heller aldri vill i usannsynlege kompliserte forsøk på å føre andre bak lyset. Visst er det god luring her, men Dirty Rotten Scoundrels prøver aldri å vere for smart. I motsetning til filmar som har eit komplisert nett av ei historie og må forklare alt på slutten for å vise kor smarte dei er.

Samtidig som dette er ein god film som pressar oppover mot neste trinn i rangeringa, er det på sett og vis ikkje meir enn ein som forventa god, ikkje fantastisk, komedie.

Dirty Rotten Scoundrels 1988 plakat - Filmdagbok