District 9

Eg stilte blank til District 9, og enda opp med å bli positivt overraska. Med ei velfungerande liksomdokumentarisk vinkling, heftig action, ukjente og vanlege menneske i rollene i eit storslått science fiction-eventyr med ei godt skapt historie i løpet av kort tid.

District 9 handlar om undertrykking og misforståingar, som gir grunnlag for å blande inn kamp mellom menneske og romvesen, sjølv om det kjennest feil. Helten vår er heller ingen moralsk vakt, noko som gjer han langt meir interessant, ettersom vala hans ikkje er gjort på human logikk. Samtidig er District 9 enkel og lettfatteleg, og kanskje kinovinnaren i haust.

District 9 2009 plakat - Filmdagbok

Publisert

15. september 2009 av

Regissør

Neill Blomkamp

Manusforfattarar

Neill Blomkamp, Terri Tatchell

Skodespelarar

Sharlto Copley, Jason Cope, Nathalie Boltt, Sylvaine Strike, Elizabeth Mkandawie, John Sumner, William Allen Young, Greg Melvill-Smith, Nick Blake, Morena Busa SesatsaVis alle 99 skodespelarar

Sjangrar

Action, Science fiction, Thriller

Land

Sør-Afrika, USA, New Zealand, Canada

IMDb

IMDb-side om District 9