Disturbia (2007)

Film / 21. juli 2007
4/5

Gled dykk, folk som er glade i ekte skrekkfilmar, og ikkje rein blotting av det groteske som i Saw eller dei få byksa i stolen som nyinnspelinga The Texas Chainsaw Massacre gav.

Disturbia gjekk over all forventing. Med sine 105 minuttar var eg skeptisk til at ei gruppe ungdommar skulle kunne køyre løpet ut. Ungdomsfilmar i en vidt definert skrekkfilmsjanger er ikkje dei mest originale no til dags.

Utgangspunktet er klassisk. Som resultat av en hussarrest blir Kale (Shia LaBeouf) veldig opptatt av kva naboane driv med, og kjedsomheten utviklar seg til en paranoia, der en middelaldrende mann i nabohuset blir senter for merksemda.

Korleis det utviklar seg vidare er ikkje så nøye å nemna her, for enten vil du sjå filmen sjølv, eller bryr du deg lite. Hovudsaka er at dette, uansett utvikling, ligg høgt på lista mi over god underhaldning i skrekkfilmar fra nyare tid.

Storparten av filmen speler ut seg før kjedsomheten vipper over til noko meir. Fleire filmar bommar ved at første delen blir tidsfyll før blodsutgytinga og denslags. Disturbia bruker tida på å etablere ungdommene i truverdige roller, lagvis bygge mistankane opp ved å drive en slags privatetterforsking utført av amatørar. En dose humor og kjærleik manglar det ikkje, men filmen mister ikkje fokus på rekning av slikt.

Som et pluss helt til slutt, ved siden av dei gode vibrasjonane, og ikkje minst nervane filmen gav. David Morse er naboen i siktet her. Spesielt artig for meg som har sett han terrorisere House i seks episodar i House M.D.

Disturbia 2007 plakat - Filmdagbok

Regi

D.J. Caruso

Manus

Carl Ellsworth, Christopher Landon

Skodespelarar

Shia LaBeouf, Sarah Roemer, Carrie-Anne Moss, David Morse (I), Aaron Yoo, Jose Pablo Cantillo, Matt Craven, Viola Davis, Brandon Caruso, Luciano Rauso

Sjanger

Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Disturbia

Forfattar