Dix pour cent

Serie
2015–2018
4/5

I 2017 såg eg først sesong av den franske agentserien Dix pour cent. Han handlar om fransk skodespelarbransje, og i sentrum av serien er eit lite agentbyrå i Paris, ASK. Kjente skodespelarar spelar versjonar av seg sjølv, som byrået representerer. Blant anna dukkar Juliette Binoche og Isabelle Huppert opp i kvar sin episode. Mange av episodane handlar om spesifikke skodespelarar, i tillegg til å handle om byrået.

I 2019 tok eg opp tråden igjen då eg fann andre og tredje sesong på Netflix. Eg hadde delvis gløymt korleis serien var, men kom fort inn igjen i han. Dix pour cent er lett underhalding, og god komedie. Musikken som blir brukt er lett og ledig og gir ein atmosfære som passar godt til dei komiske innslaga.

Skodespelarane som spelar seg sjølv, framstår i stor grad som normale folk med normale utfordringar, men med gode unntak. Monica Bellucci har ein episode om seg i tredje sesong, der ho er på søken etter ein normal kjærast. Ho blir med agenten sin frå ASK på festar med vanlege folk som ikkje er filmstjerner eller milliardærar, og lærer å koke vann med vasskokar. Men sjølv om personlegdomen hennar i serien blir tulla med på denne måten, mistar aldri serieskaparane av Dix pour cent respekten for ho. Mens andre produksjonar får skodespelarar til å spele dritsekkversjonen av seg sjølv, gjer denne det på ein god måte som munnar ut i at komedien er av det snille slaget.

Eg har i tidlegare år uttrykt begeistring for mange filmar og komediar frå Frankrike på Filmdagbok. Sånn sett var Dix pour cent midt i blinken for meg. Om du har sansen for det same, eller for lette seriar om filmbransjen, så kan eg anbefale denne vidare til deg.

Dix pour cent 2015-2018 plakat - Filmdagbok

Alternativ tittel

Call My Agent!

Publisert

26. september 2019 av

Skapar

Fanny Herrero

Skodespelarar

Camille Cottin, Thibault de Montalembert, Grégory Montel, Liliane Rovère, Fanny Sidney, Stéfi Celma, Nicolas Maury, Laure Calamy, Ophélia Kolb, Philippine Leroy-BeaulieuVis alle 187 skodespelarar

Sjanger

Komedie

Land

Frankrike

IMDb

IMDb-side om Dix pour cent