Django Unchained (2012)

Film / 12. mai 2013
4/5

Eg så denne filmen av Quentin Tarantino. Og kva fikk jeg? En Tarantino-film. Eg er ikkje hans største fan, men likar nokon av filmane hans godt. Og eg har sett alle. For nokon vil det høyrest ut som en fan, men eg er filminteressert.

At en Tarantino-film er historisk korrekt er ikkje noko eg forventar. Eg forventar ein filmars film. Filmen er som nokon av de andre filmane hans, litt for lang på grunn av dialogscener. Når eg ikkje er førebudd på det, drar det ut. Sjølv om eg har opplevd at desse også kan vere gode.

At denne filmen klarer løpet ut, som er tre timer, er jo ein ting å skryte av i seg sjølv.

Nokon av skodespelarane satte eg meir pris på enn andre. Christoph Waltz meir enn Jamie Foxx, og Leonardo DiCaprio minst av alle.

Musikken her er topp. Eg har sett nok sjangerblandinger til å la meg imponere over hip hop i en western, og synest det like godt kunne vore unngått.

Så er det sjølvsagt all valden. Her er det litt for mykje av det gode, men eg trekker ikkje ned på det. For i et litt annet humør hadde eg elska denne overdrivne filmvalden. Så det var rett og slett dagsformen. Poenget mitt er at eg burde ha førebudd meg betre i forkant. Dei gangene eg gjer det scorar Tarantino enda høgere.

No scorar Django Unchained høgt nok trass mine små kritikker, så eg vil berre poengtere at dette er en flott film. Og flotte filmar ender eg ofte opp med å småkritisere.

Django Unchained 2012 plakat - Filmdagbok

Regi

Quentin Tarantino

Manus

Quentin Tarantino

Skodespelarar

Jamie Foxx, Christoph Waltz, Leonardo DiCaprio, Kerry Washington, Samuel L. Jackson, Walton Goggins, Dennis Christopher, James Remar, David Steen, Dana Gourrier

Sjangrar

Drama, Western

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Django Unchained

Forfattar