Django

Django er Spaghettiwestern av god kvalitet. Det er ein film med god produksjonskvalitet, ei god historie, og ikkje minst god dubbing. For dubbing høyrer til i ein spaghettiwestern.

Det var noko kjent med Django, som om eg skulle ha sett han før. Men det er fordi det er ein kjent film som mange har blitt inspirert av. Blant anna refererte Quentin Tarantino til han når han laga Django Unchained.

Det byrjar med ein mann som kjem dragande på ei kiste. Like før han når ein by, reddar han ei kvinne i nød ved å skyte først ein bande med raude skjerf, så ein bande meksikanarar. Deretter drar han inn til byen. Mennene han har drept viser seg å vere i kamp mot kvarandre, og Django har fått begge mot seg.

Mykje kult kan bli sagt om Django. Som karakteren Django, spelt av Franco Nero. Han er den typisk tause pistolmannen, som berre seier nokre få velvalde ord. Den sentrale kvinna i filmen er som ein kopi av Claudia Cardinale i utsjåande. Ho byrjar som eit offer, men viser etter kvart at svake kvinner ikkje finst i tøffe omgivnader som her.

Musikken er stilig og fengande. Filmen opnar med temasongen Django som blir framført av Luis Bacalov. Og den går rett på hjernen.

Eg vil sei at regissøren Sergio Corbucci har visst akkurat kva som skulle på plass for å gjere denne til ein typisk, men god spaghettiwestern. Alt stemmer, og totalopplevinga er prega av det.

Django 1966 plakat - Filmdagbok