Djúpið

Den islandske filmen med den norske tittelen Dypet handlar om eit lite lokalsamfunnet, eit forlis og kampen for å overleve i vatnet.

Sikkerheita er ikkje det viktigaste for mannskapet på fiskebåten som Gulli arbeidar på. Det må gå som det ligg an til, at båten søkk til slutt. Og ei handling om overlevinga av Gulli utfaldar seg. Ein mann med ei unik emne til å overleve kulde.

Det er vanskeleg å sleppe unna såpass med røping i ein film som denne. Det viktige er ikkje berre historia, men oppbygginga. Det er friske og tøffe saker, men nådelaus natur som er skildra på sitt beste.

Regissøren Baltasar Kormákur, som også står bak 101 Reykjavik, brukar òg filmen til å fortelje om Island på 1980-talet. Og vulkanutbrotet ved Eldfjell på tidleg 1970-tal sør på Island. Det er med på å gi ein bakgrunn til karakterane, og kvifor dei møter farane som dei gjer.

Djúpið er ein god film som er akkurat passe alvorleg og samtidig underhaldande dryg.

Djúpið 2012 plakat - Filmdagbok