Doctor Zhivago

Som ein som er flink å utsetje gav det ekstra glede over endeleg å kunne sjå dette episke David Lean-verket.

Første gang eg la merke til filmen var for fem år sidan i romjula, då han gjekk på ein eller annan filmkanal. Det var noko med bilde som gav meg ein umiddelbar trong til å sjå heile filmen. Å fortsette å sjå han i selskapet eg var del av var uaktuelt, både fordi eg ville oppleve dette frå starten av, og at eit familieselskap er ein heilt feil plass å sjå vidare ein over tre timer lang film i.

På grunn av lengda har eg stadig utsett planen, timingen skal jo helst vere rett. Og med Lawrence of Arabia brukte eg eit par månader på å psyke meg opp til tidlegare, noko som igjen utsette Doctor Zhivago. I fjor kom eg så langt som å sjå dei fem første minuttane, men tekniske problem stoppa meg. Så når eg no før påske fekk skaffa meg filmen på eiga hand var det både forventningar og ei opparbeid lyst til å nærmast elske filmen uansett korleis han skulle vise seg å vere som var utgangspunktet mitt.

Doctor Zhivago tar opp det meste av fritid på ein vanleg ettermiddag, men gir tilbake i form av ei godt fortalt historie som berre er avbrote av intermission og som er eit aldri så lite meisterverk.

Her blir me kjent med Yuri Zhivago, nyleg utdanna lege når hjula til revolusjonen byrjar å rulle i Russland. Ved sidan av legeyrket er han eit levande menneske, viss dikting og kjensler er det viktigaste for han. Mora døydde når han var ung, og han blei sidan adoptert av ein familie der dottera skulle bli kona hans med åra. Under krigslege omstende møter han Lara, kvinna han kom til å elske.

Krig og Kjærleik, dei to store K-ane, ei speletid på over tre timer og det ville, kalde vinterlandskapet til Russland. Eg håpar dette gir eit godt nok bilde av kva det her handlar om.

Forutan å vere godt fortalt, har Doctor Zhivago nydeleg foto og ein temamelodi som er skapt for å sitje, ikkje uventa frå ein David Lean-film.

Omar Sharif spelar Zhivago etter at Peter O'Toole (Lawrence of Arabia) blankt takka nei og Max von Sydow også var vurdert, med Julie Christie som Lara og ein elles flott stab i gode roller er alt her på plass, type film teke til vurdering.

Doctor Zhivago er nok ikkje for alle og med sin utprega romantikk, sjølv om det ikkje nådde inn til margen hjå meg er eg likevel blant dei som likar filmen godt. Eg hadde håpa denne skulle fukte tårekanalen ørlite meir med ulykkene sine, det gjorde han dessverre ikkje, og eg avstår frå å gi toppkarakter på grunn av dette.

Eg legg ikkje skjul på at eg faktisk kan tenke meg å sjå opp igjen Doctor Zhivago med tid og stunder, og anbefaler dei som har vurdert å sjå han i det minste om å ta steget.

Doctor Zhivago 1965 plakat - Filmdagbok