Døden er et kjærtegn

Edith Carlmar sin regidebut skapte oppstyr. Det er ikkje ofte eg høyrer om attentatforsøk i samband med kinopremiar, men det var faktisk det som skjedde når Døden er et kjærtegn blei vist på Colosseum i 1949. Edith Carlmar blei trua med å bli skoten.

I Kristiansand blei filmen i heile tatt nekta vising, noko som aldri ville ha skjedd i dag. Då den så mykje omtala skandalen den gong verken inneheldt nakenheit eller stygge ord, så vidt eg forstår ville nok flesteparten i dag vore knekkande likegyldig overfor det kontroversielle temaet.

Døden er et kjærtegn er ei filmatisering av ein roman av Arve Moen om ei sann kjærleikstragedie frå 1930-talet. Ein trulova ung mann og ei gift eldre kvinne finn tonen og meir til og knyter eigne band. Så blir det knute på tråden, dei finn ut at dei er altfor ulike, unge Erik er arbeidarklasse og eldre Sonja er middelklasse. Det er eit klasseskilje du ikkje berre kan hoppe bukk over, som det blir sagt i filmen.

Norsk film på denne tida kan verke litt stiv i dialogen og slikt, slik var no eingong stilen. Eg synst det gjer seg godt og at det blir litt av gleda med å gå så lang tilbake i tid. Eg forventa noko annleis enn ein film frå i dag, og eg får det servert.

Oppstyret filmen skapte gjer at eg ser litt annleis på filmen. Hadde eg ikkje visst ein ting så hadde det ikkje vore så altfor drygt. Ikkje at det er det er elles heller, men det er blitt ein del av historia rundt filmen.

Når alt kjem til alt handlar det om å like eller ikkje like filmen, og eg likte han for så vidt litt. Eg sette pris på den brutale framdrifta, som er enkelt og effektivt utført, det er ingen nøling her. Eg likar også tanken om at denne snodde seg rundt sensuren og sette ein støkk med tematikken.

Døden er et kjærtegn 1949 plakat - Filmdagbok