Dog Day Afternoon (1975)

Film / 12. desember 2007
4/5

Før The Godfather og Serpico var Al Pacino et lite kjent ansikt i filmverda, men med desse filmane tok han publikum med storm. Lat meg no holde meg til Sidney Lumet og stå over Francis Ford Coppola for denne gang, då eg nyleg har sett Dog Day Afternoon.

Dog Day Afternoon har Sidney Lumet som regissør og Al Pacino i hovudrolla. Filmen er basert på ei sann historie og Al Pacino blei nominert for Oscar for beste hovudrolle. For Dog Day Afternoon støttar seg godt til Al Pacinos fantastiske rolleprestasjon, han er som skapt for filmen, men dette er ikkje åleine om å gjere filmen god.

Pacino spelar Sonny, ein person som glødar av en sterk personlegdom. Det passar godt til Sonny som er en væpna forbrytar. Under et bankran blir han og kompanjongen Sal (John Cazale) omringa og innesperret i banken med en handfull gislar. Sonny, smart som han er, får overtaket på situasjonen som over tid utviklar seg til å bli en mediedekka hending. I to timer som går så det susar følger vi utviklinga av gisselhaldinga over tolv timer ved å bli godt kjent med Sonny som en filantropisk forbrytar, hans forhandling/leik med politiet og dei grunnane som ligg bak hele handlinga. Mykje god dialog og en trang til å få vite kva som skjer er med på å drive dette framover.

Filmen er eksellent og spennande inn til beinet. Ved å vere basert på ei sann historie gir han litt ekstra, noko som ikkje skal bli tatt for gitt da fleire filmar som gjer dette i blant hamnar i haugen med dei som berre lykkast i å bruke det som salstriks.

Al Pacino leverer varene og sjølv om han kan bli sint handlar det ikkje berre om å skrike, noe dei seinare filmane hans gjerne har gjort. Kombiner gjerne desse Serpico og Dog Day Afternoon med Network for et herleg Sidney Lumet-hattrick.

Dog Day Afternoon 1975 plakat - Filmdagbok

Regi

Sidney Lumet

Manus

Frank Pierson, P.F. Kluge, Thomas Moore, Leslie Waller

Skodespelarar

Penelope Allen, Sully Boyar, John Cazale, Beulah Garrick, Carol Kane, Sandra Kazan, Marcia Jean Kurtz, Amy Levitt, John Marriott, Estelle Omens

Sjangrar

Drama, Krim

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Dog Day Afternoon

Forfattar