Doggystyle

Serie
2018–2019
3/5

I den danskproduserte Doggystyle følger me ei ung kvinne som har mislykkast som skodespelar i København, og ikkje har noko anna val enn å flytte heim igjen til sine foreldre på bygda.

Kvinna, Asta, har lite lyst å flytte heim, men økonomien hennar tvingar ho. Ho ser på seg sjølv som for god til å bu på ein liten plass, og ser ned på sine gamle venner og kjente som har blitt verande i bygda. Men etter kvart blir også ho tvinga til å stige av sin høge hest.

Doggstyle er best som komedie, med Asta si manglande evne til å sjå sin eigen situasjon som det artigaste. Men serien tilfører også ein del godt drama, spesielt i tilknyting forholdet som utviklar seg mellom Asta og søstera som har ein form for cerebral parese. Siste episode i første sesong leverer eit godt innslag om dette, utan at eg skal gå i detaljane.

Doggstyle minnar litt om NRK-serien Blank, og stilen til seriar som Skam og 17. Det er unge menneske og kvardagen deira som blir skildra. Episodane er av variabel lengde, og tempoet og utsnittet av livet til Asta som er i ulike episodar er variabelt.

Doggstyle kan anbefalast om du vil sjå ein kort og ukomplisert serie, og om du har sansen for dei overnemnte seriane.

Doggystyle 2018-2019 plakat - Filmdagbok