Dogtown and Z-Boys

For dei som har sett spelefilmen Lords of Dogtown vil denne sportsdokumentaren vere gjenkjenneleg. Skrive av same mann, Stacy Peralta, ein av skaterane frå Zephyr skate team, så er det kanskje ikkje så rart. Lords of Dogtown blir som ein kopi av denne, med nytt bilde, nye folk og betre flyt.

Som i mange dokumentarar blir det mykje gjentaking her, med intervju der ein fyr seier noko nytt, og alle dei andre seier det same på ein annan måte for å poengtere det han første har sagt. Dette kombinert med ei til tider for rask klipping gjer dokumentaren litt stressande, men heldigvis ikkje så grufull som mykje av det som går på MTV.

Men periodar av filmen var gode og engasjerande, utan å gi noko inntrykk av å imponere.

Dogtown and Z-Boys 2001 plakat - Filmdagbok