Doll & Em

Serie
2013–2015
2/5

Doll & Em er ein etterlikna ekte serie om to venninner i Los Angeles. Emily som den suksessfulle skodespelaren og Dolly som venninna frå Storbritannia som kjem på besøk for ein lengre periode.

Desse to har sine opp- og nedturar i vennskapen i løpet av dei hittil to sesongane av serien. I tillegg handlar serien litt om det profesjonelle livet deira, og forholdet til andre venner, familie og sånt.

Serien startar i grunn greit, og eg klarer å halde meg passe interessert. Det er først i andre sesong at det går sopass nedover at eg kjedar meg. Her viser serien at han har lite å spele på, at verken karakterar eller handling er interessant nok.

Det går kanskje på mi interesse for personane og stilen, men poenget er uansett at eg ikkje er så stor fan av dette til slutt.

Doll & Em 2013-2015 plakat - Filmdagbok