Don Jon

Joseph Gordon-Levitt sitt namn er klistra over heile Don Jon. Han står for regi, manus og hovudrolle. Langfilmdebuten i regissørstolen er inkje mindre enn ein vellykka film, og eg håaer å sjå fleire tema behandla på denne måten framover.

Porno er stikkordet her. Men heldigvis går Don Jon sine eigne vegar. Hovudpersonen har eit forhold til porno. Men i staden for å problematisere eller stigmatisere frå utgangspunktet får me ein sakleg argumentasjon til fordel for porno gjennom rolla til Jon (Joseph Gordon-Levitt) som forteljarstemma.

Filmen har ingen hast med å gjere ei stor og negativ greie ut av porno. Det er ein del av livet til Jon. Første akt av filmen introduserer alle sider ved Jon, livet hans, den fornuftige og sunne livsstilen hans og ein fri og kjekk tone han har. Så det er først i andre akt, ved introduseringa av Barbara (Scarlett Johansson), at handlinga for alvor går vidare. Barbara er den første faktiske introduksjonen av eit problem i filmen, og du kan sjølv bestemme om du likar ho, men eg ana drama i dama frå første stund.

Det interessante for filmen her er at Jon blir kasta ut i ein ny kvardag, og at denne situasjonen får han til å vurdere seg sjølv. At det ikkje handlar om at han skal bli noko som andre forventar, men at han søker sjølvinnsikt. Meir informasjon og stadig prosessering av den nye informasjonen må til for å ha framgang.

På overflata er Don Jon ein dristig film. Det visuelle skyr lite, men går ikkje unødvendig langt. Karakterane er fargerike og karikaturar som er lett å kjenne igjen av fleire slag, men dei mellommenneskelege forhold er jordnære. Filmen fungerer godt her, men fungerer etter min smak enda betre ved å behandle av forhold, porno og kjærleik meir i saumane. Utan at det på noko vis er ein djup eller komplisert film.

Don Jon 2013 plakat - Filmdagbok