Donnie Darko

Dette må vere tredje gong eg ser filmen, men første gong eg såg director's cut. Eit par scener hadde små endringar, og eit par nye dukka opp, men ingen ting å hoppe i taket for.

Filmen i seg sjølv hoppar eg gjerne i taket for, for dette er ein veldig god film. Ikkje mange filmar tek eg fram igjen og igjen som denne.

Ei artig lita sak som eg burde ha lagt merke til før, er at søstera til Donnie i filmen, også er søstera til Jake Gyllenhaal på ekte.

Donnie Darko 2001 plakat - Filmdagbok